Heimen utarbeidde Rogalandsbunaden på 1920-tallet.
Snitt på liv og stakk blei henta frå det ein allereie hadde i Rogaland. Livet finst i to ulike variantar; eit skøyteliv frå slutten av 1700-tallet og eit liv som blir montert til stakken, der originalen er frå Suldal. Det hører med fløyelsbelte med spenne. Forkle- og sjalsettet finst i to broderivariantar, eit frå Frafjord og eit frå Jelsa. Broderiet frå Frafjord har blomstrar i djupe og kalde raudtonar der bladverket har nokså spiss form. Broderiet til Frafjord fann Heimen på ei lue frå Frafjord i Rogaland. Broderiet frå Jelsa går i varme raudnyansar og blomstrane har ei rundare form. Heimen tok utgangspunkt i ei lue frå Jelsa som dei fann på Stavanger Museum. Begge broderia frå Rogaland har innslag av grønt, blått og gult.
Legg igjen en kommentar