Prøving og henting

Prøving og henting av bunad

Kjære kunde!

Vi vil gjerne hjelpe deg så du kan prøve og hente bunaden din, men for at du og våre tilsette skal vere trygge, treng vi hjelp av deg!

Prøving av bunad

Ved prøving av bunad ber vi deg om å bruke munnbind eller visir. Du kan ha med deg 1-2 personer ved prøving i butikkane og 1 person på systua.

Ønskjer du å prøve bunaden heime, kan vi sende den til deg. Bunaden må i så fall vere fullt betalt.

Utlevering av bunad

Ved utlevering av bunad ber vi deg om å bruke munnbind eller visir. Du kan ha med deg 1-2 personer  i butikkane.

Tusen takk for hjelpa!

Prøving

Ved bestilling av bunaden blir du informert om kor mange prøvingar som gjeld din bunad.

Vi tilrår at du kjøper alt tilbehøret før du kjem til prøving dersom du ønsker rettleiing om bruk av tilbehør når du kjem og hentar bunaden.

Noko av tilbehøret kan også ha lengre leveringstid.

Henting av ferdig bunad

Du blir informert per e-post, SMS og telefon når bunaden din er klar til henting.
Dersom du ønskjer å prøve bunaden din med skreddar til stades, må dette avtalast på førehand.

Har du ikkje muligheit til å prøve bunaden ved henting, må du kontakte oss innan 2 veker dersom passforma ikkje er som avtalt.

Utlevering av bunaden skjer først når heile betalinga er gjort. Betalinga skjer direkte i butikk eller ved bruk av Heimen Husfliden-konto. Sjå lenke under.

Kontakt oss gjerne:

[formidable id=15]