Romerikssølvet frå Espeland

Den store Romerikssølja
Blir brukt i halsen på skjorta. Kopi av sølje funne i Nes på Romerike. Originalen er frå 1700-talet. Kongemonogrammet til Danske-kongen Christian 7. dannar krona i sølja.

Den lille Romerikssølja
Blir brukt på brystet i skjorta. Same sølje som den store, men mellomhenga er utelatt. Dei rombeforma “firkant”-lauva har alle eit gravert kors som midtpunkt. Korset er symbolet for Kristus. Rombeforma symboliserer nytt liv gjennom død.

Lite øyreheng Romerike
Rombelauv brukt aleine. Henta frå heng på sølja.

Stort øyreheng Romerike
Mellomheng, og dessutan rombelauv frå den store Romerikssølja. Mellomhenget symboliserer drueklase i korsform. Prikkane som dannar korset førestiller druer. Druene er symbol for vinen i nattverdssakramentet. Stort øyreheng er mest brukt.

Ørestikk monogram Romerike 
Motiv frå krona på sølja.

Mansjettknapp Romerike
Fronten på mansjettknappen er ein utsmykka C7 i speil-monogram.

Hekter Romerike 
Normalt blir det brukt tre par hekter ganske tett saman i livet.
Enkelte føretrekker fire par påsydd øvst i utringinga.
Hekta er laget ut frå detaljar av den store Romerikssølja.

Capehekte/sjalshekte Romerike 
Lik vanleg hekte, laget noko større og kraftigare.

Fingerring Romerike
Mønster henta frå Romerikssølja. Produsert i to storleikar som lett lar seg regulere i fingerstorleik.

Armring Romerike
Mønster henta frå eit mangletre på gamle Hvam museum, Nes på Romerike.

Hårspenne Romerike 
Spenn er utsmykka med C7 i speil-monogram.

Nøkkelsett Romerike
Husfrua bar i gammal tid nøklar til gardsbygningane.
Kopi av nøklar funne på Romerike.

Romeriksbelte 
Kopi av gammalt sølvbelte frå austlandsområdet. Støypt i massivt sølv og påmontert stoffbelte.

Støl Romeriksbelte og beltelås 
Produsert i støypt massivt sølv.

Veskelåsstøl Romeriksbelte
Støl som har fått påmontert ein bøyle til oppheng av veskelåsen. Skal plasserast som støl nr. 3 på venstre side, sett ovanfrå av brukar.

Romeriksbelte 
Stoffbelte i fleire fargar som passer til oxidert eller forgylt støl.
73 cm = 20 støler pluss belte-låsen. Ein støl i tillegg utgjer ca. 3 cm. Blir montert slik at ut- og innregulering lett kan gjerast.

Veskelåsar Romerike 
Kopi av gammal lås frå Romerike. Brukt på venstre hofte.
Det blir laga fleire materialar.

Plett: Produsert i messing, som blir forsølva og patinert.
Kjenneteikna med glatt knast i opningsmekanismen.

Messing: Her er messingfargen behalde som polert overflate.
Brukt saman med forgylt sølv.

Sølv 925S: Produsert i sølv og er heilt lik plettlåsen i utforming.
Kjenneteikna med mønstra knast i opningsmekanismen.
Finst i sølv og forgylt utgåve.

Oppheng Romerike
Oppheng for kniv og nøklar. Montert på beltestølen.
Motiv henta frå krona på sølja.

Romerikskniven 
Slirekniv med sølvbeslag og valbjørk skaft. Gravyren er henta frå
kongemonogrammet til Christian 7. Finst både som herre- og damekniv.

17. Mai-sløyfe Romerike
Toppen er laga av detaljer frå den store Romerikssølja.

Herresølje Romerike 
Laga ut frå kongemonogrammet til danskekongen Christian 7.

Knespenne Romerike
Kopi av gammal modell.

Mansettknappar herre Romerike 
Motiv henta frå herresølja.

Herreknapp Romerike
Motiv henta frå herresølja.
Stor: Det blir brukt 16 stk. pr bunad.
Liten: Det blir brukt 7 stk. pr bunad.
Knapp til Romerikskniven: Noko større enn knapp 135.

Romerikskniven
Slirekniv med sølvbeslag. Valbjørk skaft. Gravyre henta frå kongemonogrammet til Christian 7. Finst både som herre- og damekniv.

Romerikssølv til barn
Bunadssølvet for barn er nøyaktig kopi av sølvet til dame og
herre i forminska storleik. Modellane er ca. 50% av originalmodellen. Forklaring av detaljar på modellane er da den same som for dame og herre.

Søljene til barn blir ofte brukt som dåpsgåver!

Historia

Sølvet til Romeriksbunaden har hovudsakleg sitt utspring i gamle søljer, eller “spretter”, som dei blei kalla. Søljene er nøyaktige kopiar av originale modellar frå 1700-talet. Den mest utbreidde er ei sølje funne i Nes på Romerike. Den er harmonisk oppbygd med kristen symbolsk tyding i figur og tal.

Det gamle draktsølvet frå Romerike skil seg frå anna bunadssølv ved at det er laga av støypte massive delar. Opphavleg var “sprettens” oppgåve å halde plagga saman. Dei blei brukt dagleg og varte i generasjonar. Etterkvart blei ønsket om vakrare utforming meir framtredande, og ved sidan av sin opprinnelege funksjon, ble dei også brukt som smykke. Med rot i middelalderens tru og tenkemåte var det naturleg å bruke kristne symbol i utforminga.

Av gamle skriftprotokollar veit vi at det har eksistert sølvbeslåtte belte på Romerike, men ingen av desse er kjent i dag. Men det finst eit gammalt sølvbelte med firkanta støler med heng som er laga i solid støypt sølv. Det er kopiar av denne originale modellen som blir mest brukt. Det harmoniserer godt med det andre sølvet.

I og med at Romeriksbunaden er laga i nyare tid, finst det naturleg nok ikkje originale modellar til det andre sølvet. Hekter, mansjettknappar og øyrepynt er derfor laga etter detaljar frå den store Romerikssølja.

Veskelåsen er kopi av gammal modell, -siselert i sterkt relieff (opphøgd mønster). Låsen blir laga i tre utgåver; sølv, forsølva bronse, og dessutan messing.

Alt sølvet til Romeriksbunaden blir også laga forgylt.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *