Lundeby damebunad
Lundebybunaden blei utarbeidd i 1932 av kunstmålaren Alf Lundeby som budde på Lillehammer. Han teikna denne bunaden til ei venninne som fylte 50 år. Fasongen på bunaden er den same som til rondastakken.
Lundebybunad B9 har ei bølgjande bord med tilknytte blomster nede på stakken og mindre blomstermotiv oppover. Livet er i same stoff som stakken, med broderi som også går igjen på lue og veske. Lundebybunaden kjem i tre fargar; svart, blå eller naturkvit, som ein står fritt til å velje blant.
Lundeby var fødd på Tøråsen i Våler i Solør, og mange frå dette distriktet bruker denne bunaden.
Bunadsområde:
Gundbrandsdalen (Oppland)
Våler i Solør (Hedmark)
Detaljar
Stakk og liv
Både stakk og liv er i klede med broderi og kjem i svart, blå eller naturkvit
Hovudplagg
Lue i same farge og stoff som bunaden
Skjorte
Det er ikkje utarbeidd eigen skjorte til Lundebydrakta, men ei bomullsskjorte med nuppereller er vanleg å bruke til
Strømper
Svarte, ein kan også bruke kvite til den blå og kvite bunaden
Sko
Svarte bunadsko
Sølv
Gudbrandsdalsølv
Tilbehør

198101 – Sølje med trådkantlauv, oksidert

199101 – Sølje med trådkantlauv, oksidert

248101 – Sølje med 16 mm trådkantlauv, oksidert

211100 – Sølje, oksidert

458100 – Gudbrandsdalsknappen, oksidert

872104 – Sølje, oksidert

873104 – Sølje, oksidert

874104 – Sølje, oksidert

125100 – Halssølje med rosett, oksidert

206105 – Halssølje, oksidert

207105 – Halssølje, oksidert

060100 – Mansjettknappar, oksidert

063100 – Mansjettknappar, oksidert

074100 – Mansjettknappar, oksidert

076100 – Mansjettknappar med botn, oksidert

082123 – Mansjettknappar med stolpe, oksidert

251111 – Øyrepynt, oksidert

264111 – Øyrepynt, oksidert

704111 – Øyrepynt, oksidert

721111 – Øyrepynt, oksidert

317102 – Ring, oksidert

245100 – Slangesølje, oksidert med lauv

373100 – Ring, oksidert

377102 – Ring, oksidert med lauv

348100 – Veskelås, plett oksidert

527100 – Veskelås, plett oksidert

532100 – Veskelås, plett oksidert
